Fire vegar til robuste barn m/ Line Marie Warholm
Framsyningar
Henter programmet
Line Marie Warholm held gratis føredrag for foreldre og tilsette i barnehage, SFO og skule i Luster og Sogndal Kommune. Ho er ein etterspurt føredragshaldar, psykologspesialist og spaltist for Aftenposten.
Korleis kan vi gjera barna våre meir robuste og i stand til å tole dei utfordringane livet bringer? Kom og høyr!
Etter føredraget får du moglegheita til å mingle og stille Line Marie spørsmål.
NB! Ynskjer du å stille Line Marie Warholm eit spørsmål etter føredraget kan du gå inn på denne sida eller scanne QR-koden og skrive ned det du lurer på.
Arrangør: Luster og Sogndal kommune gjennom prosjektet: "Livsmeistring - robuste barn og unge"
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Måndag 22. mars kl. 18:00-19:30.
Gratis
Få billettar ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kino på onsdagar, fredagar og søndagar)
Har du fått billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.